Skarbø Sideri & Landhandel
Allmenningen 1, 6200 Stranda
Velkomen til Skarbø Sideri & Landhandel på Stranda. Her får du ost, eplemost og sider frå garden, saman med honning og marmeladar, spekemat, sjømat og anna godt frå lokale produsentar. Du kan kjøpe drikkevarer enkeltvis eller prøve ei assortert kasse. Elles lagar vi gjerne gåvepakkar, og kan levere bedriftsgåver i større kvantum.
Vi har også fått oss ei skikkeleg fin kaffimaskin, og serverer kaffi frå Jacu, som du kan nyte med ei nystekt svele, ein lokal is eller noko anna godt attåt.
Opningstid i sommar:
måndag - laurdag 11.00 - 17.00


Skarbø Gard
Bygdavegen 335, 6200 Stranda
På garden kan vi skreddarsy eit opplegg med gardsbesøk og smaking for di bedrift eller gruppe.
Kontakt oss på:
Tlf: 90781881 / 90820469 | post@skarbogard.no |
