SIDERSMAKING I SKARBØ SIDERI
Ynskjer du å prøve sidrane frå Skarbø Gard saman med dei beste skinkene og ostane frå Stranda? Då er du hjarteleg velkomen til å vere med på sidersmaking med ost- og skinketapas i andre etasje på Skarbø Sideri & Landhandel. Du får servert fem ulike sidrar, kvar i kombinasjon med nøye utvalde ostar frå Skarbø og skinker frå Stranda og Tind. Langsmed får du omvising i det nye mikrosideriet, og innblikk i historia bak produkta og korleis ein lagar Sider frå Sunnmøre. Før og etter smakinga er det høve til å handle med seg både sider, ost og skinke i landhandelen.
For dei som ynskjer alkoholfrie alternativ, har vi sjølvsagt det, og born er også velkomne. Vel dato i kalenderen og bestill billett.

Event Title
Event Time
Event Date
Change the event description to include your own content. Adjust the settings to customize the style.
July 2026